søndag 5. januar 2014

Ulykke kjem i forskjellige variantar...




Fredag den 13de var sist i desember, og mange av oss gjekk nok å leka med tanken om det faktisk ligg noko i det at denne dagen bringer ulykke. ”Ikkje gå under stigen”, ”Ikkje knus speil”, og for guds skyld hald dei svarte kattane dykkar innendørs!!!   

Men for nokon av oss så er ikkje dette det fyrste me tenkjer på på denne datoen. Det er heller ein spesiell mannsskikkelse som vandrar einsam og hemnlysten rundt i skogen iført kvit hockey-maske, bærande på ein stor machete, og møter du han er det nok det siste du gjer. Namnet er Jason Voorhees, og han er filmhistorias mest berykta og kjende seriemordar
Den ikoniske karakteren har terrorisert filmsjåarar i over 30 år gjennom tolv filmar i serien «Fredag den 13de». 

"Friday the 13th part 7: The new blood"

Det heile starta i 1979 då ein amerikansk regissør, Sean S. Cunningham sleit med å betala rekningane sine etter dårlige besøkstall på nokre middelmådige barnefilmar han hadde laga. 
Han var heilt i villrede, og tenke at ein skrekkfilm kanskje kunne få han på beina igjen ettersom han såg at mange andre tente gode pengar på det. Men kva skulle filmen handla om? Og ikkje minst kva skulle den heite? På denne tida kunne ein filmtittel være avgjerande om den blei ein suksess eller ikkje. Utan manus, ide eller noko som helst stab så satt han inn ei annonse i avisa: ”Fredag den 13de, den skumlaste filmen nokon gang laga”. Dette skapte stor ståhei båe hos lesarane og ikkje minst investorar som raskt kom på banen. Cunningham fekk skrapa saman eit budsjett på 550 000 dollar, fekk eit manus i boks og satt i gang med innspelinga på filmen som er like enkel som den er genial. Ein liten gut druknar når han er på sommarleir ein gang på 50-tallet, og leir-ledarane kan ikkje redda han for dei ligg rundt om i hyttene og matar kjønnsdrifta si. Me spolar så fram til 1980 og sommarleiren skal gjenopnast. Arbeidsvillige og humørfylte ungdommar annkjem leiren to veker før for å gjere siste opp-pussing, men lite veit dei at et er nokon som luskar rundt i området som ikkje vil at leiren skal bringast til live igjen.


Friday the 13th

Ungdommane blir så drepne ein etter ein med reiskap som kniv, øks og ikkje minst pil og bue, og i slutten viser det seg at det er mora til den drukna guten som står bak drapa.  




Dette som ein slags hemn
på alle sommarleir-ledarar for dei lot sonen drukne.

Men planen hennar går ikkje heilt som planlagt då ho får hovudet kappa av i slutten av den siste kvinnelige overlevande, Alice. Ho vel så å legga seg i ein kano og flyte ut på vatnet, og det er då den drukna sonen Jason sprett opp av vatnet og dreg ho ned i djupet.

Dette ein slutt som ikkje stod i manus eingang, og var eit i siste augneblikk forslag av effektskaparen Tom Savini. Men dette er nok ein av dei mest geniale tinga som er blitt gjort i skrekkfilmhistoria, og satt verkeleg preg på seriens framtidige suksess. Med ei kinoinntening på nesten 40 millionar dollar(ca.240 millioner kr) var det ikkje vanskelig for Paramount Pictures å sjå framover, og satt i gang ein rekke filmar som gjorde at dei sidan har tent over 3 milliardar kroner.

Men den fyrste ”Fredag den 13de” er nok ikkje den filmen folk assosierer med serien. Den kalde, kvite hockeymaska som faktisk ikkje kom inn i serien før film nummer 3, er nok det folk flest tenker på når dei høyrer om filmen ”Fredag den 13de”. Og i likheit med den fyrste filmen der det blei tatt mange tilfeldige val, så kom også den ikoniske hockeymaska inn heilt tilfeldig. Det var faktisk ein i filmstaben som var hockeyfan som foreslo det til regissøren. (Første scene kor Jason bærer maska)
Og vips, ein av verdas mest ikoniske filmkarakterar vart fødd. Han er like kjend som haien i ”Haisommer”, og dei er jo ganske like på sett og vis  :) 

"Friday the 13th part 6: Jason lives"

Publikum har storma kinoane kvar gang ein  «Fredag den 13de»-film er blitt sleppt, uavhengig om den er bra eller dårleg. Filmane har dei essensielle tinga for å trekke ungdom. Vakre lekande ungdommar, høg partyfaktor med alkohol og narkotika, sex sjølvsagt, nokre humoristiske innslag her og der, og ikkje minst kreative draps-scenar. Av sistnemnde så kan eg trekkja fram bl.a. når Jason drar med seg ei jente som fortsatt ligg i soveposen sin og denger den mot eit tre, eller då han presser ei 17-mai-fløyte inn i auga på ei jente og me faktisk høyrer fløytelyd då det skjer. Dette kan nok høyrast noko drøyt ut, men i forhold til dagens filmvald så er disse filmane veldig snille.


"Friday the 13th part 7: The new blood"

På slutten av 80-tallet og film nummer 8 hadde hatt sin "seiersrunde" på kino vart det meir og meir stille frå skaparane, og det blei sjeldnare mellom filmane. Eit rimelig slappt forsøk i 1993 med "Jason goes to hell" før serien trudde dei skulle gjere det stort å slapp filmen om Jason i verdsrommet. "Jason X".
Dette gjorde mest sannsynleg meir vondt for oss fansen å sjå på enn det karakterane opplev då dei blei drepne i filmen.
To år gjekk forbi før det som 
mange fans hadde venta på i over 10 år. Filmen der Jason kjempar mot erkerival Freddy Krueger i «Freddy vs. Jason» kom ut.
Dette vart ein gigantsuksess, og Jason var offisielt tilbake på toppen av skrekkmarknaden. Personleg tykkjer eg faktisk filmen er den svakaste i serien, men den var nok meint for å treffa meir enn bare dei hardbarka fans. Men dei(og meg) fekk meir av det me likar igjen i 2009, då ei ny-innspeling av dei eldste filmane kom ut. Dette vart ein så pass stor kinosuksess at dei no snart er i gang med film nummer 13.

Jason karakteren har faktisk blitt spela av ikkje mindre enn 12 skodespelarar store og små. Ironisk sett så sa ein av dei frå seg rolleliste-plass då han ikkje ville bli assosiert med filmen han omtalte som "a real piece of shit". I dag er det faktisk denne filmen Ted White (Sjå intervju) er mest kjend for, og har i etterkant uttalt at han angrar på det han den gang sa.
Eg personleg syns han faktisk gjorde karakteren best, og syns det var dumt at han ikkje gjorde fleire filmar. 

"Friday the 13th part 4: The final chapter"

Ser ein objektivt på serien så er det sjølvklart at filmane kunne vært betre. Det er til tider noko pinsam skodespel, dumme banalitetar og manus er ikkje alltid plukka frå øverste hylle. Men serien har ein kult-status, og fan-base som strekker seg verda over så kven bryr seg? Eg kan enda godt hugsa då eg fekk hendene mine på den fyrste av filmane eg såg. I 6. klasse faktisk. Ein sleten og flimrete VHS-kopi av film nummer 4, tatt opp frå svensk fjernsyn. Mor til kompisen min Håvard var på jobb, og me så og sei kasta kassetten i maskina. 91 minutt seinare var me fortsatt «tøffe» i trynet, men for meg blei det hvertfall MANGE vakne netter framover. Men tru det eller ei så har den opplevinga spela ei stor rolle i kvifor eg sjølv er filmskapar den dag i dag. At eg ikkje klarte å riste av meg frykta, gjorde at eg ville gi den same kjensla vidare. Film nummer 4 er forøvrig min favoritt i serien. Les om det her

Camp No-Be-Bo-Sco 13.9.2013

Sand Pond "Crystal Lake" 13.9.2013

På sjølvaste fredag den 13de 2013 tok eg turen til Blairstown, NJ og besøkte Camp No-Be-Bo-Sco der dei spela inn den fyrste filmen i 1979. Sjå turen her.

Eg var og så heldig i 2006 at eg fekk møta sjølvaste Kane Hodder som stod for slaktinga i 7,8,9 og 10 i serien. Eg smiler, men fanken han hadde godt tak rundt nakken min. 
Filmsnutt frå turen: OBS! Advarar mot kraftig pinsame augneblink av underteikna : ) 

"Screamfest" Los Angeles 2006

"Jason takes Manhatten" Times Square 1989

"Esken takes Manhatten" Times Square 2013


Eg rangerar filmane slik:

1. Del 4 (1984)
2. Ny-innspelinga (2009)
3. Del 1 (1980)
4. Del 7 (1987)
5. Del 8 (1989)
6. Del 6 (1986)
7. Del 3 (1982)
8. Del 2 (1981)
9. Del 5 (1985)
10. Jason goes to hell (1993)
11. Jason X (2001)
12. Freddy vs. Jason (2003)

Av dokumentarar på markedet så finner du "His name was Jason"(Klikk for heile filmen) som er heilt grei, men 13. september kom den ultimate "Friday"-dokumentaren. Den 7,5 timers lange "Crystal lake memories" tar grundig for seg alle filmane i serien, der mange av dei involverte blir intervjua.  
Her ligg bakomfilmen til den fyrste, forøvrig så kan du finna mykje meir på YOUTUBE.


"Friday the 13th part 3"


Takk for denne gang... 



Her kan du sjå alle trailerane til "Friday the 13th"

  Trailer







































































































































Å for all del kommenter om dykk tørr... 













Ingen kommentarer: