lørdag 11. januar 2014

Eit greit bidrag frå 80-tallets slasher-æra.





































Ei gruppe ungdommar med sjølvaste Linda ”The exorcist” Blair i spissen skal overnatte i eit gammalt viktorianskt hus som ein del av ei innvielse i ei studentforeining. (Sånn idiotisk greie som er populært blant studentar i Amerika).

Det gamle huset har sjølvsagt ei grufull historie med masse bestialske drap, og ifølge myta så bur den deformerte drapsmannen fortsatt ein plass i huset.

Studentane blir overlaten til seg sjølv, men leiaren av studentforeininga har sjølvklart laga ein liten plan om å skremma dei, men det går verre enn bare skrik frå opphengte høgtallarar og gjennomsiktige spøkelser. I vanlig slasherstil blir dei alle drepne, men kanskje ikkje i det tempoet slasherfansen føretrekk.

Filmen byrjar relativt rolig, og manglar klart litt av den typiske slasher-film oppskrifta med det obligatoriske drapet, eller grusomheita i begynnelsen før sjølve historia byrjar.
Det einaste som eigentleg fortell oss at dette er ein skrekkfilm fram til det 27. minuttet då det fyrste drapet kjem ut frå intet, er at aktørane kun hintar og spøkar om skumle ting.


”Hell night” kom ut eit år etter den mykje større suksessen ”Fredag den 13de” og det er lett å forstå at sistnemnte er den filmen folk veit om, og at dette er ein film kun sånne som meg veit om. Den har eit ”klassiker”-stempel på seg som eg personleg tenkjer er heilt greit. Ikkje ein film ein ser med den utvalgde kanskje, men i lystig lag med ein six-pack og to, så er ”Hell night” eit godkjent val.
Skodespelarane gjer ein heilt grei jobb for denne type film, med unntak av Vincent Van Patten som er meir plagsam enn humoristisk som han iherdig prøver å vær heile tida. Ja fram til han finn eit avkutta hovud i senga si da vel å merkja. Da blir han bare overspelande og parodisk.
Peter Barton som me hugsar frå ”Friday the 13th 4” kor han får hovudet sitt smadra inn i dusjen gjer det også heilt kurant i Hell night". 


"Hell night" hadde nok ikkje tatt skade av å bli redusert med så mykje som faktisk 20 minuttar. Nokre av scenane er så langtekkeleg at eg faktisk må drive litt småtrimming med forward-knappen på remote-kontrollen. 
Men det skal seiast at drapsscenane er morosame, noko dei som oftast er i disse filmane frå 80-tallet, og slutten er faktisk ein liten genistrekk i seg sjølv. 

Linda Blair har spela i alt frå cheesy skrekkfilmar til Macgyver oppover åra, men "Hell night" er nok ein av dei betre på lista. Hu kjem nok uansett alltid til å bli assosiert med mesterverket frå William Friedkin "The exorcist, så folk velgjer ofte å tilgi alt det rare hu har vært med i. Ein å nemna er jo Savage streets regissert av pornoregissør Danny Steinmann som bl.a også laga "Friday the 13th 5: A new beginning". 


"Hell night" gir meg faktisk assosiasjonar til ein anna slasher frå same æra. ”The prowler” er noko lik i fargebruk, og ikkje minst lydbildet. ”The prowler” er dog ein sterkare og meir drivande film, med ekstremt bra effektar av sfx-guru Tom Savini. Han har faktisk uttalt at effektane hans i filmen sannsynlegvis er av det beste han har gjort. Og DET seier ein del med tanke på at mannen har vært effektsjef på hundrevis av filmar inkludert ”Friday 1, 4” og ”Dawn of the dead”. "The prowler" er faktisk regissert av Joseph Zito som også laga "Friday 4: The final chapter" i 1984 også med Peter Barton som spelar i "Hell night". 


Eg har eigd 3 forskjellige versjonar av "Hell night" gjennom tida, men har av grunnar eg ikkje kjem på no solgt dei. No fekk eg akkurat min siste kopi frå Tyskland og koste meg relativt godt når eg no tok den for meg. 

Filmen er absolutt ein å ta for seg, men for all del, ikkje vent det store.  

Vil dykk ta eit lite djupdykk i 80-talls slasharar så få med deg dokumentaren "Going to pieces" som handlar om sjangeras glansdagar, og nedgangstider. VELDIG underhaldande for spesielt interesserte. 

Ellers kan dykk sjekka ut disse andre herlige titlane under ... 





































































































































Ellers så får dekan ha ei trivelig slasher-tid framover  :) 





Ingen kommentarer: