Sorry, eg såvna eit augneblink.. Filmen ja :)
Søstera, Phoebe finner bestefaren si spøkelsesfelle, og Paul Rudd som spelar læraren hennar gjer den smarte tingen å åpne fella. Kvifor i helvete vil ein gjere det når han ser at det ulmar røyk frå den, og han veit kva dette er? Og når dette spøkelset blir sluppet fri så tar de eifentleg ikkje så ille opp.
Utroverdig:
Ein merker fort når ein film er laga for eit publikum som er rundt ti år. Ting blir så veldig enkle og utroverdige at eg sitt og riv meg i capsen
Eg veit jo kven som har skrevet manus, men ein har jo lyst å skrike «Kven i helvete har skrevet dette manuset»! For her er det faen ikkje mykje intelligent tasting. Men igjen, det er laga for eit publikum som ikkje er kjend med den virkelege verda enda.
Eksempel: Kvifor skal søstera være så smart og vite ALT ei lita jente ikkje skal vita? Er det for å bygge opp at faren var smart forskar, og derfor så er ho og automatisk det? Det blir hvertfall enkelt, irriterande, og svært utroverdig.
Noko som er ENDA verre er at Trevor(Wolfhard) på femten år, kan fikse biler som ikke har vært i bruk på 40 år! Han strøk på oppkøyringsprøva, og har bodd i ein storby heile livet. Kva tid skal han ha lært seg om reparering av gamle Cadillac´ar utan hjelp?
Så innst i H... irriterende, og faktisk nedlatende av manusforfattaren ovenfor publikum å skrible ned dette. Skal ein lage oppfølgjar til ein film som var sett av folk godt over 40 i dag, så ha litt meir respekt.
Fleire irriterande eksempel:
Alle barna plukker opp kunnskap om ting rimelig raskt, og det er... Ja, irriterande.
Våpen og alle dingsene de originale ghostbusters dreiv med klarar små dritungar å lære seg bare ved å plukke de opp!
Gamle gutta:
Pga Paul Rudd´s totalt uansvarlige og egoistiske handling, å settja spøkelsa fri så veit me jo at dei gode gamle «Busterane» kjem til å dukke opp i en slags form.
Så når unge-gjengen blir satt i det lokale fengselet så hugsar sjølvsagt smarte Phoebe telefon-nummeret ho såg Ghostbusters brukte i 1984, og ringer det. Kven som plukkar opp, joda, Ray i eigen person(Aykroyd). Og han er tydelig «on a mission from God», for han fortell denne vilt fremmede jentungen ALT som har skjedd med han og dei andre etter at spøkelses-draumen brast. Og her igjen, det ser ikkje særlig ut som om han har noko lyst å væra der mtp middels til lavt engasjement.
Kvifor?
Dei åpnar ei spøkelses-felle som Egon hadde skjult i gulvet i huset. Men ved å åpne den så slepp dei laus ALLE spøkelsa som var i originalen frå 1984?
Og hundrevis av små marshmallows menn. Kor er fantasien? Er det bare for å få fyr på den gamle filmen igjen? Kvifor skulle alle dei dukke opp igjen nesten 40 år seinare? Ei felle var jo for eit spøkelse, og de drepte dei jo etterkvert? Eg sitt fortsatt og tenkjer på dette spørsmålet! Og ja, eg blir meir og meir irritert!
Akt 3:
Når slutt-akta slår inn så tar dette ei svært så stygg vending gitt. Gozer dukkar opp igjen, mora blir besatt av Zuul, og det er på tide med CGI – auger, demon-stemmer og søken etter «The keymaster» som ALLE ti-åringar i dag veit kva er sidan dei sikkert alle har sett den originale filmen. HEILT SIKKERT!!! Disse scenane gjorde meg faktisk flau, og fysisk ukomfortabel i kinosalen.
Utgivelse:
Eg har ei følelse av at når denne filmen kjem på streaming og mest sannsynlig hard copy, så vil me kanskje sjå ein lengre versjon. Ein så kalla «Director´cut», for her er det tydelige manglar og hopp. Det føles som om de har skura over ein del ting for å få fortgang i sakene, noko som sikkert er rett val mtp målgruppa. Karakteroppbygging er meir eller mindre kasta ut vinduet, hvertfall når det kjem til dei det handlar mest om, barna. Dei har ein slags bakhistorie, men det er så smertefullt platt.
Det positive med filmen:
Paul Rudd forklarer til barna på sommarskulen at han ikkje vil væra der, og sett på «CUJO» for elevane. Og det som er enda betre er at det er VHS han viser.
Det andre positive her er nok karakteren som kallar seg sjølv for Podcast. Syns at han hadde ein del fine øyeblikk, og kommentarar.
Den tredje, og siste positive tingen med denne filmen kjem eit stykke ut i rulleteksta faktisk.
Alle hadde forlatt salen då det plutselig dukka opp ei «hidden» scene.
Venkman(Murray) sitt og blir spurd ut om kva som er på baksida av eit kort som holdes opp foran han. Det same gjer han sjølv i den originale frå 1984 kor han gir støyt til elevane sine, sjølv om dei svarar rett. Men noe er då bordet snudd, og det er sjølvaste Dana(Sigourney Weaver) som holder opp korta. Denne scena, sjølv om den var ekstremt planta, så gjorde den godt kjende eg. Den åleine gav meg litt følelse av å være tilbake i «Ghostbusters»-universet(1984), men det var faktisk den einaste og...
Oppsummert:
Som ti-åring hadde eg sikkert likt denne filmen, for den viser jo barn som gjer farlige ting voksne pleier å gjere i actionfilm. Men dette er gjort så mykje betre i andre filmar der eg faktisk er med på løpet til barna, og eg kjøper det. Her gjer eg så absolutt ikkje det, og det er nok dessverre for at barna ikkje er engasjerande nok. Dette kan væra av to enkle årsakar, mest sannsynleg ein kombinasjon. Dårlig regi, og ikkje så utvikla, eller gode barne-skodespelarar.
Kven skal du ringja?
Om «Who you gonna call” ikkje hadde blitt nemnt i filmen så hadde eg faktisk satt pris på det, men her er det inga tvil om at regissøren Jason Reitman, son av regissøren av den originale, har kosa seg LITT for mykje, og ridd på glorien den fyrste filmen har.
Han har nok ikkje tenkt at dei som ser denne filmen gjer det for at dei enten ikkje veit at det er ein film fra 1984, og då ikkje heng seg opp i kommentaren, eller dei som absolutt skal sjå filmen for dei såg originalen, og dei vil få nedturen med at dei ikkje er i rett målgruppe for filmen. Så kommentaren, og heile filmen fall egentlig mellom to stolar.
Den burde ikkje ha leverett som ein «Ghostbusters»-film, heller vært endra litt, hatt ein annan tittel, og peila meir inn på rett publikum, ala «Goosebumps». Då hadde nok fleire godtatt filmen for det den er, ikkje kva me håpar den hadde vært...
«Kos dykk» med film, kanskje vente til den kjem på ein lar anna streamngskanal.
«Ghostbusters: Afterlife». 2/10
Av Severin “Robo” Eskeland