søndag 12. desember 2021

“THE LAST BOYSCOUT”

Regi: 

Tony Scott

 

Med: 

Bruce Willis. Damon Wayans, Chelsea Field, Halle Berry, Kim Coates, Danielle Harris

 

Om ikkje verdas beste actionfilm, så er det ikkje mange i mellom...  



Etter ein kollega av privatetterforskar Joe Hallenbeck(Willis), som kona dansar the wild monkey dance med gir han jobb om å passe på ei erotisk dansar, så blir livet hans enda meir bedritent enn det det pleier å væra. Først blir kollegaen som gav ham jobben sprengd i fidlebitar, så blir dama han skal passe på skutt i fidlebitar, så før han veit ordet av så står han godt i driten. 

 


Jimmy Dix som er LA stallions beste quarterback blir utvist av laget for ulovlig gambling, og heile denne historien hander egentlig om at nokre politikarar vil lovlegjer gambling då sjåartallene begynner å gå ned. 




Og her åpnes det for konfliktar, skytescenar, slåssing, eksplosjonar og ikkje minst et kølsvart kommentar-vokubular som eg tydeligvis hadde gløymd sidan sist vitjing. Dette er noko av det beste gjensynet av ein film eg har opplevd på MANGE år, og sjøl om eg har operert både rygg og mage her eg ligg på sjukeseng i stugo så klarar eg ikkje halda latteren vekke. 








Det eg ikkje visste som yngre filmelskar var at det er Shane Black som har skrevet manuset. Og ved denne syninga så er det åpenlyst hans preg over heile filmen. Ein kan settje denne opp mot «The nice guys» og ein kan sjå mykje av same oppskrifta. Som også er ein fantastisk film. 

 

Nei folkens, for dykk som hugsar «Den siste speider» eller «The last boyscout», og kanskje er redd for at filmen ikkje held seg som så mange andre, så vær trygg. Dette er nok ein av dei beste filmane du kan setja på for å oppleva fortidas herlige filmtid 



DETTE er Bruce Willis slik eg hugsar han, synd kor han er havna no, midt i labvbudsjettsuniversetkor han er med eit par minuttar i kvar film, kun for å dra inn pengar på navnet sitt. 

Men dette er eit trygt val for dykk som vil kosa seg med ein SKIKKELIG 80-tals actionfilm! 


10/10


Severin "Titan" Eskeland frå sjukesenga.....