torsdag 5. januar 2017

Eit år med mange hyggelige film-øyeblikk

2016 er no bak oss, og tida er inne for å oppsumera litt kva ein har opplevd av underhaldning fra den hyggeligaste sjangera  👍

Her vil eg fyrst nemna dei dårlegaste seks, så kjem mine topp 11. Ja, elleve!

.

Årets desidert værste film er remake`en av ein film som absolutt ikkje trengte lagast på nytt.
Eg likar den originale "Cabin fever" av Eli Roth som er ein rar liten film, tydeleg laga av eit glødande filmhjarta. Og som me alle veit er Roth no komen inn i varmen etter nokre OK filmar, og no skal regissere remake av "Deathwish" med Bruce Willis i hovudrolla.
Ikkje akkurat at da seier så mykje i disse dagar då Willis ikkje dukkar opp i noko anna en småroller i middelmådige actionfilmar.

Og noko ironisk er det jo og at Eli Roth står bak ein anna ekstremt dårleg film dette året og. Og denne har han faktisk regissert sjølv.
"Knock knock" er eit ekstremt makkverk fra eit ekstremt tynt, kjedelig og forutsigbart manus.
Nokre sexy babes smiskar seg inn på Keanu Reeves totalt utroverdige, keisame og uengasjerte karakter. Dei forfør han og trekant-action er underveis. Einaste saken er at disse lurehønene har andre hensiktar enn bare kos, nemlig å utnytta mr. Reeves både psykologisk og fysisk på det grovaste. Ja, det høyres rett og slett kjekt ut, men her er det ikkje bare dårleg skodespel fra samtlige partar, men filmen er så dårleg til tider at eg vurderte å bare skru av, men det var som ei trafikk-ulykka, ein må liksom sjå korleis det går til slutt.
Og spoiler-alert! Det går dessverre bra med alle sammen...


Vidare på lista så finn me ikkje så uventa den siste "Phantasm"-filmen. Eg har all respekt, og beundring for dei originale filmane, og har til og med ein saftig flott samleboks, men det reddar ikkje denne siste dei absolutt MÅTTE gi ut, tydeligvis kun for å drita seg ut for fansen, for filmen har ikkje blitt like godt mottatt som Coscarelli og resten av gjengen sikkert hadde håpa. 
Og ein må jo spør seg sjølv, kvifor gir dei dette ut? Er det bare mine barndomsminner som fortell meg at Coscarelli er ein god filmskapar, eller er det pga alderen eg syns det? For når eg ser denne filmen så må eg jo spør korleis han som har gitt oss bl.a. "Bubba Ho-Tep" vel å gi dette ut? For bra er det så absolutt IKKE!



Ein anna film eg har sett fram til lenge er ein film som er blitt laga ved hjelp av folket faktisk. 
Etter ein suksessfull fund-raising-kampanje så klarte Rob Zombie å sette saman det som han sjølv kalla "å komme seg tilbake til røtene". Ja, okei, akkurat kva som er bra med dei gamle røtene hans er jo eit anna spørsmål, sjølv om eg på ein måte likar ein del av filmane han har laga. 
Men no hadde eg sett fram til "31" som eg likte konseptet på. Leste mykje om den, og fekk den med meg på Tysvær skrekkfest faktisk. 

Rob Zombie er i bunn og grunn ein spanande regissør for han likar virkelig å pushe grenser, og la pur ondskap komme fram. Det er bare så veldig synd at han ikkje kan noko om person-intruksjon, eller det å skrive dialog mellom mennesker til å laga truverdige karakterar. Om han trur at bare det å visa vald er nok til å halda på fansen så har han lika dårlig sjølvrefleksjon som samtlige akter i siste filmen hans "31" som får altfor mykje oppmerksomhet rundt om i verda. Og ja, hun plagsomme kona hans er sjølvklart (sjølvskriven) med i ei av hovudrollene som vanleg.


Eg er ekstremt stor fan av "Haisommer", og likar generelt veldig godt hai-filmar. Dei er jo ofte veldig corny, flust av dårlege effektar, men det er topp underhaldning uansett.  (nei, eg snakkar ikkje om "Sharknado").

Me fekk mangen med oss traileren på der ei halvnaken Blake Lively briska seg i bølgene på ei forlatt strand, og underteikna tenkte jo det at dette blei bra uansett utfall eller story.
Ein slik trailer trekk folk til kinoane, men så lurt kan ein faktisk bli av fine bilder og mennesker foran kamera.
"The Shallows" er ein irriterande dårlig film, med så mange manusfeil at eg satt til slutt å bare la merke til logiske bristar gang på gang. Altså det tekniske er meir eller mindre feilfritt, og det heile ser jo fantstisk fint ut, men dette blir for dumt! Dei har til og med dratt inn ei måke(seagul) som får kallenavnet "Steven Seagul" i filmen. Litt artig, men det reddar ikkje denne togulykka.
Men som sagt filmen har sin sjarm om ein klippar vekk alt anna enn frøken Lively som går i sakte film nedover stranda.


Siste på "årets dårligaste",lista er ein eg virkelig hadde sett fram til lenge.
Dei avslørte for ei stund sia at filmen som har hatt tittelen "The woods" i lengre tid egentlig var ein remake av sjølvaste "Blair witch project".
Og traileren såg faktisk bra ut!


Skuffelsen var komplett når eg innsåg at dette var ekstremt lite gjennomtenkt, og laga med tanke på pengar, å KUN det, for som evig fan av den originale BWP, så gjorde dette virkelig vondt å sjå på. 
Det nyttar ikkje å bare friske opp kamerautstyret, når historien er like kreativ som Magnus Carlsens exit etter VM. Eg er ikkje av dei som syns at "Found footage" er ein ferdig, eller oppbrukt sjanger, men dette er langt fra å nå noko som helst høydare. 


Men no over til dei filmane som kom godt ut i 2016 👏



10. Hush er ein film eg ikkje viste noko om før den eg fant den på Netflix uten forvarsel, men den gjorde rimelig inntrykk då den ikkje hadde noko anna med seg enn kun ein terrorhandling fra start til slutt. Ei stum/døv kvinne bor aleine i et hus i skogen, og utan noko tilsynelatande motiv dukkar det opp ein fremmed med maske og terroriserer henne, med hensikt å drepe henne.
Og meir enn dette er det faktisk ikke. Det kan høyrast platt ut, men filmen har ein energi og råhet som gjer at du verkeleg blir dratt inn. No skal det seiast at den når aldri opp på eit nivå som "The strangers", men allikevel ei kjekk vitjing.

Dette er ein Original Netflix-film så den finns bare der. 
6/10


9. Det er spesielt at eg har nemnt to av Eli Roth´s filmar i årets værste seksjonen, og at eg no har satt "Clown" blant dei beste. Men han har ikkje regissert den dog.

Dette er ein liten kuriositet, og har ikkje fått oppmerksomheita den verkeleg burde ha fått.

Ein snill barnefar prøver å hyra ein klovn til sonens bursdagsselskap, men då han ikkje får tak i nokon, å og då kjem over eit klovnekostyme i ei kiste i eit gamalt hus er saken biff.
Han tar saken i egne hender, kler seg i kostymet og underheld sonen og resten av gjestene hans.

Problemet kjem i etterkant av selskapet når han ikkje får av seg kostymet, og etterkvart startar å få sulten på små snille barn.

6/10







8. "The wailing" kom eg tilfeldig over då eg høyrde på ein podcast. Og jaggu så var dette rimeleg underhaldande. Her blandas det sjangrar i hytt og pine, og både manus, regi, teknisk og driv er svært så bra.
Absolutt verdt å få med dykk.

6/10


7. På sjunde plass så finn me skvettefilm nummer ein i 2016, nemleg "Lights out".
Filmen er eit avkom av ein 2 minutters kortfilm som blei lagt opp på youtube, og nokre år seinare fekk regissøren realisert draumen om å lage det til spelefilm i Hollywood. Han er Dansk forresten.

Filmen har ei heilt grei historie utan dei mest interessante plottvistane, eller skodespelarprestasjonar, men filmen leverer til tider god stemning, og håra reiste seg fleire gångar. Denne var langt betre enn den overproduserte "Conjuring 2" som blei for mykje av det gode for min del, sjølv om den fyrste var fantastisk.

6/10









6. På denne plass finn me den sør-koranske zombie-splatter-komedien "Train to Busan".


Filmen er blitt hylla i alle krinkar og krokar av verda, og for meg så fungerar den godt, men ikkje fantastisk. Den har det meste som er blitt sett før av zombie-effektar, og har det same karakterspekteret som ein bl.a. finn i den originale klassikaren "Night of the living dead". 
Filmen følg far og datter då sei skal ta toget til Busan saman. Det dei ikkje veit foreløpig er at det har brutt ut eit zombie-virus, og resten av historia seier seg sjølv. Filmen klarar å toucha litt meir borti følelsar i forhold til tidligare zombie-filmar. Absolutt ein god film, men for meg ikkje den halleluja-stemningen som alle andre tydeleg har. 

6/10


Dei fem beste under... 

På nummer 5 så kjem den fyrste iranske filmen eg nokon gång har sett, men det skal seiast at gir dei ut fleire av denne kvaliteten, så blir det ikkje min siste. "Under the shadow" er ein seriøs, og verkeleg skummel film som omhandlar noko me her "heima" ikkje er så vant med. Det same som me kallar "Ånda i lampa"(Genie) har ein heilt anna betydning i Iran. Og denne "Djinn" er ikkje like hyggeleg som han joviale i Aladdin. 
I krigstidsa mellom Iran og Irak må ei mor være heime med dattera si då mannen må ut i krigen, og det tar ikkje lange tida før ting begynner å bli ubehagelige. 
Kan være litt langtekkelig, men den som ventar på noko "godt" får virkelig smaka det når det endelig kjem. Husk god lyd! 

7/10




4. Eg hadde ikkje dei største forhåpningane til filmen som har komt seg inn på fjerde plass,"10 Cloverfield lane", men etter kun et par minuttar så var eg ganske sugd inn i dette kammerspillet kor bl.a. John Goodman kanskje gjer ein av sine beste roller nokonsinne. (Ja, utanom "Lebowski"). 
Mary Elisabeth Winstead vaknar opp i ein bunkers saman med Goodmann, og blir fortalt at verda er overtatt av utanomjordiske vesener. Tvilen er sjølvsagt tilstede, og når hu begynner å tru at hu er kidnappa begynner spenninga å trekke seg til. Og me er ikkje sikre som tilskuar heller, noko som gjer filmen så bra som den er. 
Dette er og ein slags oppfølgar til "Cloverfield". 

7/10



3. Her har det havna ein svært så spesiell film, "The eyes of my mother", og den som skiller seg mest ut på lista mi. Denne svært så estetiske svart/kvitt filmen gjorde så pass sterkt inntrykk at eg kjem nok ikkje til å sjå den igjen. Dette pga at eg hadde det egentlig ikkje så kjekt når eg såg den. Den er ekstremt sterk og spelar veldig på såre og jævlige temaer. Å kalle det ein skrekkfilm er og kanskje litt misvisande, sjølv om nokre handlingar i filmen er grusomme og realistiske. Manus, kamera, skodespelarane og ikkje minst stemningen den gav meg gjer at det har satt den så høgt på lista. OBS!  Denne er absolutt ikkje for alle mann... 

7/10


2. På andre plass så finner me to filmar. (Altså delt andre plass :) 
Den fyrste eg har valgt å setta på ei skrekkfilmliste sjølv om nokon sikkert er uenige om at det er ein skrekkfilm, så vil hvertfall EG kalla det akkurat det. 



Folk kan sikkert sei masse om dei andre filmane på denne lista, om ein er uenig eller ikkje, "Green room" er ein ekstremt bra og vellaga film på alle plan. 
Eit punkband skal opptre på eit nazist-treff, og etter konserten ser dei noko dei ikkje skulle ha sett.
Det er her helvete bryt laus. Dette ein film eg mest sikkert kjem til å sjå mangen gangar då den har stor gjentagelseskvalitet. Skodespelarane er strålande, og ikkje minst Patrick Stewart viser seg her frå ei sida eg aldri hadde trudd eg skulle sjå han frå. 
Filmen har gått seiersrunden på festivalar, og kjem nok til å bli ein klassikar i åra framover.  

8/10


Det er spesielt at filmen som deler 2. plass er laga av ein eg faktisk kjenner litt, og som har vokst opp i nabokommunen min.  
"The autopsy of Jane Doe" er André Øvredal´s Hollywood debut. 
Eg er ein sucker for kammerspill, som også eg no sjølv har laga. Kino i april ved navn "LYST". 
Men ikkje rett innslag for å masa om eget, det blir ein annan sin jobb neste år 😆

"The autopsy" er ein ekstremt drivande og skummel film som verkeleg får håra til å reisa seg. 
Når eg kjenner at eg begynner å frysa pga det eg ser på lerretet så har ein film verkeleg klart å overtala meg. Eg trengte ikkje legga godsida til for at dette var effektfullt for meg, det klarte regissøren fint utan at eg måtte jobba for å lika den. 
Takk André! 

9/10


1. 
Årets beste film i mitt syn er ein film som har eit ekstremt godt driv, krypande spenning, og ein slutt-tvist som gjorde at eg verkeleg kjente det innerst i rotkanalane. 
Skodepselarane gjer det relativt godt, valdsscenane er velorkestrerte og brutale slik som regissøren beviste at han håndterar rimelig godt med sin fyrste film, remake´n av "Evil dead". 
Filmen er "Don´t breathe".


Nokre unge kriminelle lev av å bryta seg inn hos fremmede og stjele det dei ser verdi i. 
Etter litt research får dei vete at ein blind mann sitt på ei lita formue, og dei vel då å ta huset hans som ein siste jobb. Det dei ikkje veit er at mannen er ein gammal krigs-veteran, og skjuler meir enn bare pengar i huset sitt. 
Fede Alvarez viser her at han er ein regissør eg vonar me kjem til å sjå mykje av i framtida. 

10/10

Sjekk ut filmane for her er det mykje å kosa seg med. Jaja, for meg hvertfall 👍

Ha eit godt skrekkår i 2017 !!!👍