søndag 12. desember 2021

“THE LAST BOYSCOUT”

Regi: 

Tony Scott

 

Med: 

Bruce Willis. Damon Wayans, Chelsea Field, Halle Berry, Kim Coates, Danielle Harris

 

Om ikkje verdas beste actionfilm, så er det ikkje mange i mellom...  



Etter ein kollega av privatetterforskar Joe Hallenbeck(Willis), som kona dansar the wild monkey dance med gir han jobb om å passe på ei erotisk dansar, så blir livet hans enda meir bedritent enn det det pleier å væra. Først blir kollegaen som gav ham jobben sprengd i fidlebitar, så blir dama han skal passe på skutt i fidlebitar, så før han veit ordet av så står han godt i driten. 

 


Jimmy Dix som er LA stallions beste quarterback blir utvist av laget for ulovlig gambling, og heile denne historien hander egentlig om at nokre politikarar vil lovlegjer gambling då sjåartallene begynner å gå ned. 




Og her åpnes det for konfliktar, skytescenar, slåssing, eksplosjonar og ikkje minst et kølsvart kommentar-vokubular som eg tydeligvis hadde gløymd sidan sist vitjing. Dette er noko av det beste gjensynet av ein film eg har opplevd på MANGE år, og sjøl om eg har operert både rygg og mage her eg ligg på sjukeseng i stugo så klarar eg ikkje halda latteren vekke. 








Det eg ikkje visste som yngre filmelskar var at det er Shane Black som har skrevet manuset. Og ved denne syninga så er det åpenlyst hans preg over heile filmen. Ein kan settje denne opp mot «The nice guys» og ein kan sjå mykje av same oppskrifta. Som også er ein fantastisk film. 

 

Nei folkens, for dykk som hugsar «Den siste speider» eller «The last boyscout», og kanskje er redd for at filmen ikkje held seg som så mange andre, så vær trygg. Dette er nok ein av dei beste filmane du kan setja på for å oppleva fortidas herlige filmtid 



DETTE er Bruce Willis slik eg hugsar han, synd kor han er havna no, midt i labvbudsjettsuniversetkor han er med eit par minuttar i kvar film, kun for å dra inn pengar på navnet sitt. 

Men dette er eit trygt val for dykk som vil kosa seg med ein SKIKKELIG 80-tals actionfilm! 


10/10


Severin "Titan" Eskeland frå sjukesenga..... 

tirsdag 7. desember 2021

GHOSTBUSTERS: AFTERLIFE

Regi: Jason Reitman

 

OBS! Inneheld MASSE spoilers!

 

“Who you gonna call”? Helst ingen over tolv år... 




Tok meg ein tur på kino i Bergen i forgårs i påvente på å bli innlagt på Volvat for å skifta ut heile 3 skiver i ryggen. Så eg skriv anmeldelsen frå sjukesenga, så både smerte og smertelindrende kan spela inn på det eg skriv. Sinne og skrivefeil-kan kan dukke opp :) 


Røntgen etter radikal operasjon

Så filmen :) 

"GHOSTBUSTERS: AFTERLIFE"

 

Den fyrste mystiske teaseren frå den nye «Ghostbusters» såg rimelig spanande ut når den dukka opp på sosiale medier for ei god stund sidan. 



Som storfan av originalen og oppfølgeren så gjekk jo forventningane til topps, som ja, eg veit er eit dumt val... Me kjenner jo alle til det evige problemet, at skodespelarane trekker seg kvar gang det kjem rykter om ny film. Eller Bill Murray er vanskelig å jobbe med blah blah blah.... 

Men då etter den teaseren så auka entusiasmen min og eg fekk truo på ein skikkelig oppfølgar til ein av dei beste minnene eg har frå barndommen. 



2016:


Då dameversjona kom i 2016 blei eg definitivt ikkje begeistra, heller provosert. Og spesielt ved valg av nokre av skodespelarane. Eigentleg total katastrofé, ja utanom Kristen Wiig. Og dette har absolutt ingenting med å gjer at det var damer, og ikkje menn. Eg ønska av heila mitt hjerta at den skulle være bra, men satt igjen kun med irritasjon...


Ghostbusters(1984) er ein film som passar alle aldra egentlig. Den er nok mest retta mot guttabys, men men. Den underliggjande humoren, den skarpe og sarkastiske dialogen, den fantastiske bibliotek-scena, Sigourney Weaver og plenty meir har gjort at filmen har fått den status den forten . Og ikkje minst kor stilreine karakterane var. Det var ingen tvil om kven som var kven i den gjengen. 

Leslie Jones

2016 versjonen så er det eigentleg bare mas og fjas frå kvar av karakterane, og kven skal skrika høgast. Seieren gjekk til ekstremt plagsomme Leslie Jones. Det er og så tydeleg at dette SKAL være morosamt, og det blir det ikkje på denne måten. Mangel på eit godt manus med intelligent dialog, og tidvis svært så dårlig skodespel. 

Ho har og vore ute og kritisert produsentene på denne nye kraftig då ho syns at filmen dei laga i si tid var kjempegod. Yes sir e´Bob! 




Ghostbusters anno 2021: 

Dette starter faktisk ganske så lovende kjenner eg. Her er det action, mystisk, godt lyddesign,  mykje fint foto, men dessverre faktisk den einaste scena som er hinta til skummel i filmen. Ja, for oss over 15 år 

   

Men det er ikkje lenge før filmen begynner å vise sine svakheitar. Det er litt urovekkjande at Bill Murray har sagt «Nei» til tidligare manusutkast, men seier «JA» til dette. Da begynner eg å lure på kor dårlige dei andre manusa eigentleg var, når dette er det trioen Aykroyd, Murray og Hudson velgjer å komme tilbake til. No skal det seiast at dette er ikkje den største oppmøtet. SPOILER! Dei dukkar opp heilt i slutten, og til og med den litle speletida dei har så virkar det ikkje som dei har særleg lyst å væra der. Meir «still opp, og få ei traktor-last med peng på konto». 



Men okei, tilbake til sjølve filmen... 


Ei mor(Carrie Coon) har arva garden etter far sin, og saman med sine to barn flytter dei ut på landet. Dei er banko rotto og blir kasta ut frå leiligheita i byen, og skal då bu i denne falleferdige rønna som dei faktisk ikkje gjer noko med etter at dei har flytta inn i. Mora ryddar ikkje ein gang. Hmm.  


Den kjempe spanande tvisten er jo at far hennar er sjølvaste Egon Spengler. Altså fjerde mann av ghostbusterane som redda verda frå spøkelser i 1984. Han døyde jo i virkeligheta i 1984, og sjøl står han for kanskje ein av verdens morsomste filmar: "En ny dag truer". De som var skuffende å lese var at han og Murray ble uvenner på den produksjonen, og snakket ikkje med kvarandre for Ramis lå på dødsleiet sitt. 


Men men, igjen tilbake til "filmen". 


Det tek ikkje lang tid før barna skal på skulen, og sonen får seg jobb fyrste kvelden dei ankjem den vesle byen. Litt raskt kanskje, men okei. 

Dette begynner å væra meir og meir som å sjå kvar og ein ungdoms/barnefilm. Gutt ser jente, forelsker seg, søster er forsker-geek, treff ein likesinnet geek på skulen fyrste dag, mor er fråskilt, møter den single læraren til datter etc etc. Det er som å slenge alle klisjeer og enkle manus i ein mixer, så kommer det ut ein slags versjon av akkurat det eg såg i kveld. 





Med andre ord så er ting åpenbare, og at dette er en generisk film uten noko nyskapande. Flott. då er det ute av vegen, la oss fortsetja med fil.................

 

Sorry, eg såvna eit augneblink.. Filmen ja :) 


Søstera, Phoebe finner bestefaren si spøkelsesfelle, og Paul Rudd som spelar læraren hennar gjer den smarte tingen å åpne fella. Kvifor i helvete vil ein gjere det når han ser at det ulmar røyk frå den, og han veit kva dette er?  Og når dette spøkelset blir sluppet fri så tar de eifentleg ikkje så ille opp.  




De kjører liksom bare heim og slapper av, og tanken om at de har åpna opp for dommedag streifar dei ikkje ein gang. 
Her er det faktisk ein morosom dialog  mellom Rudd og mamma, Carrie Coon
som er nok den beste av skodespelarane i filmen. Paul Rudd må eg sei eg er noko lei av, men han heller er ikkje så aller verst her. Det er nok resten av ensemblet eg ikkje er så begeistra for. Og spesielt ikkje han som spelar sonen.(Finn Wolfhard) 


Han var rappkjefta i remaken av «IT», noko som var artig og sjarmerande når han var liten. Men no som ungdom, og blir brukt i ALT som treng ungdommar i den alderen, bare er irriterande. Stardom´en kom vell fyrst frå «Stranger things» så «IT». No likar ikkje eg å være skitkastar mot eit barn, men alle har sine grenser. Og han er ikkje ein særleg god skodespelar dessverre, slik er det bare.  


Men greit, vidare på ferda. Her skjer det jo meir og meir paranormalt, men av ein eller anna grunn så tar de ikkje særlig alvorlig på disse hendelsane. Noko som gjer dette meir som ein episode av «Goosebumbs» enn noko anna. Ja, det er der me er! 

Utroverdig: 

Ein merker fort når ein film er laga for eit publikum som er rundt ti år. Ting blir så veldig enkle og utroverdige at eg sitt og riv meg i capsen 

Eg veit jo kven som har skrevet manus, men ein har jo lyst å skrike «Kven i helvete har skrevet dette manuset»! For her er det faen ikkje mykje intelligent tasting. Men igjen, det er laga for eit publikum som ikkje er kjend med den virkelege verda enda. 


Eksempel: Kvifor skal søstera være så smart og vite ALT ei lita jente ikkje skal vita? Er det for å bygge opp at faren var smart forskar, og derfor så er ho og automatisk det? Det blir hvertfall enkelt, irriterande, og svært utroverdig. 

Noko som er ENDA verre er at Trevor(Wolfhard) på femten år, kan fikse biler som ikke har vært i bruk på 40 år! Han strøk på oppkøyringsprøva, og har bodd i ein storby heile livet. Kva tid skal han ha lært seg om reparering av gamle Cadillac´ar utan hjelp? 



Så innst i H... irriterende, og faktisk nedlatende av manusforfattaren ovenfor publikum å skrible ned dette. Skal ein lage oppfølgjar til ein film som var sett av folk godt over 40 i dag, så ha litt meir respekt. 


Fleire irriterande eksempel: 
Alle barna plukker opp kunnskap om ting rimelig raskt, og det er... Ja, irriterande. 
Våpen og alle dingsene de originale ghostbusters dreiv med klarar små dritungar å lære seg bare ved å plukke de opp!







Gamle gutta:

Pga Paul Rudd´s totalt uansvarlige og egoistiske handling, å settja spøkelsa fri så veit me jo at dei gode gamle «Busterane» kjem til å dukke opp i en slags form. 

Så når unge-gjengen blir satt i det lokale fengselet så hugsar sjølvsagt smarte Phoebe telefon-nummeret ho såg Ghostbusters brukte i 1984, og ringer det. Kven som plukkar opp, joda, Ray i eigen person(Aykroyd). Og han er tydelig «on a mission from God», for han fortell denne vilt fremmede jentungen ALT som har skjedd med han og dei andre etter at spøkelses-draumen brast. Og her igjen, det ser ikkje særlig ut som om han har noko lyst å væra der mtp middels til lavt engasjement. 





Kvifor? 

Dei åpnar ei spøkelses-felle som Egon hadde skjult i gulvet i huset. Men ved å åpne den så slepp dei laus ALLE spøkelsa som var i originalen frå 1984? 
Og hundrevis av små marshmallows menn. Kor er fantasien? Er det bare for å få fyr på den gamle filmen igjen? Kvifor skulle alle dei dukke opp igjen nesten 40 år seinare? Ei felle var jo for eit spøkelse, og de drepte dei jo etterkvert? Eg sitt fortsatt og tenkjer på dette spørsmålet! Og ja, eg blir meir og meir irritert!





 

Akt 3:

Når slutt-akta slår inn så tar dette ei svært så stygg vending gitt. Gozer dukkar opp igjen, mora blir besatt av Zuul, og det er på tide med CGI – auger, demon-stemmer og søken etter «The keymaster» som ALLE ti-åringar i dag veit kva er sidan dei sikkert alle har sett den originale filmen. HEILT SIKKERT!!! Disse scenane gjorde meg faktisk flau, og fysisk ukomfortabel i kinosalen.


Utgivelse:

Eg har ei følelse av at når denne filmen kjem på streaming og mest sannsynlig hard copy, så vil me kanskje sjå ein lengre versjon. Ein så kalla «Director´cut», for her er det tydelige manglar og hopp. Det føles som om de har skura over ein del ting for å få fortgang i sakene, noko som sikkert er rett val mtp målgruppa. Karakteroppbygging er meir eller mindre kasta ut vinduet, hvertfall når det kjem til dei det handlar mest om, barna. Dei har ein slags bakhistorie, men det er så smertefullt platt. 



Det positive med filmen: 
Paul Rudd forklarer til barna på sommarskulen at han ikkje vil væra der, og sett på «CUJO» for elevane. Og det som er enda betre er at det er VHS han viser. 




Det andre positive her er nok karakteren som kallar seg sjølv for Podcast. Syns at han hadde ein del fine øyeblikk, og kommentarar. 



Den tredje, og siste positive tingen med denne filmen kjem eit stykke ut i rulleteksta faktisk. 
Alle hadde forlatt salen då det plutselig dukka opp ei «hidden» scene. 
Venkman(Murray) sitt og blir spurd ut om kva som er på baksida av eit kort som holdes opp foran han. Det same gjer han sjølv i den originale frå 1984 kor han gir støyt til elevane sine, sjølv om dei svarar rett. Men noe er då bordet snudd, og det er sjølvaste Dana(Sigourney Weaver) som holder opp korta. Denne scena, sjølv om den var ekstremt planta, så gjorde den godt kjende eg. Den åleine gav meg litt følelse av å være tilbake i «Ghostbusters»-universet(1984), men det var faktisk den einaste og... 



 



Oppsummert: 

Som ti-åring hadde eg sikkert likt denne filmen, for den viser jo barn som gjer farlige ting voksne pleier å gjere i actionfilm. Men dette er gjort så mykje betre i andre filmar der eg faktisk er med på løpet til barna, og eg kjøper det. Her gjer eg så absolutt ikkje det, og det er nok dessverre for at barna ikkje er engasjerande nok. Dette kan væra av to enkle årsakar, mest sannsynleg ein kombinasjon. Dårlig regi, og ikkje så utvikla, eller gode barne-skodespelarar.




Kven skal du ringja?

Om «Who you gonna call” ikkje hadde blitt nemnt i filmen så hadde eg faktisk satt pris på det, men her er det inga tvil om at regissøren Jason Reitman, son av regissøren av den originale, har kosa seg LITT for mykje, og ridd på glorien den fyrste filmen har. 
Han har nok ikkje tenkt at dei som ser denne filmen gjer det for at dei enten ikkje veit at det er ein film fra 1984, og då ikkje heng seg opp i kommentaren, eller dei som absolutt skal sjå filmen for dei såg originalen, og dei vil få nedturen med at dei ikkje er i rett målgruppe for filmen. Så kommentaren, og heile filmen fall egentlig mellom to stolar. 


Den burde ikkje ha leverett som ein «Ghostbusters»-film, heller vært endra litt, hatt ein annan tittel, og peila meir inn på rett publikum, ala «Goosebumps». Då hadde nok fleire godtatt filmen for det den er, ikkje kva me håpar den hadde vært... 

«Kos dykk» med film, kanskje vente til den kjem på ein lar anna streamngskanal. 

 

«Ghostbusters: Afterlife».  2/10

Av Severin “Robo” Eskeland