lørdag 30. august 2014

Unaturleg vas


"As above, so below"

Regi: John Erick Dowdle
Skodespelarar: Perdita Weeks, Ben Feldman, Edwin Hodge

Unaturleg vas

Minuttar før ei grotte i Iran er planlagd å sprengjast av soldatar klarar Scarlett å komma seg inn i eit skjult rom i denne grotta. Ho er på sporet av det same far hennar mange år tidlegare var, nemleg ein symbolstein kalla «Rosenøkkelen». Steinen er full av ukjend skrift, og Scarlett får akkurat klart å dokumentera dette med det håndholdte og veldig rotete kamera hennar før det smell.
Den ivrige oppdagaren får tyda skrifta på steinen, og saman med eit «kvalifisert» team så fører dette dei til dei mørke og trange gangane under Paris. Katakombene som rommar seks millionar menneskeskjelett inneheld tydelegvis eit skjult område, og sjølvsagt er det akkurat der disse unge «Indiana Jones»-wannabe`s har tenkt seg.  



Dei kjem seg inn i den gigantiske massegrava under den romantiske by, og ikkje lenge etter kjem skrekk-klisjeane på rekkje og rad. Veggar rasar saman, stemmer i gangane, galne mennesker som messar i eit rom, og sjølvsagt gråtande ungar rundt i korridorane. Og kva skjer når dei endeleg finn porten til helvete? Eg bryr meg hvertfall ikkje så særleg mykje.
Dette blir diverre veldig banalt, enkelt, og det er inga stor oppleving eg blir servert. Dette er filma på «found footage»-metoda som er når filmen tilsynelatande er filma av skodespelarane sjølv.
Det finns mange gode filmar med denne teknikken bl.a. «Blair witch project», «Cloverfield» og den fyrste «Paranormal activity» Det som alltid er mest spanande med disse filmane er korleis dei vel å løysa det tekniske, og i mange av filmane så er det smarte løysningar og ein ser at dei har fått med viktige element på «tilfeldige» måtar. Her derimot opplev eg litt av det motsatte. Her føler eg at det er meir fokus på å filma det essensielle, kontra det at karakterane vil berga livet sitt! Monstre og spøkelser truar, men allikavel så klarar fotografen å få med seg det mest grusamme. 

Men for å væra heilt ærleg så er det ikkje filmens utsjåande eller effektar som er grusamt, men filmen i seg sjølv. Her er det snakk om filmskaparar som ikkje syns at det å befinna seg i katakombene kor det allereie er seks millionar skjelett plassert er nok for å spela ut ein skummel historie. Det blir for mykje element som aldri får ein forløysing. Enkeltscenar fungerar til ei viss grad her og der, men dette er primært skvettescenar kor ein miks av rask klipping og ekstremt høge lydar tvingar kroppen til å reagere. Dette er scenar laga for at me verkeleg SKAL hoppa i stolen, noko eg gjer i kanskje to eller tre av dei sikkert tjue gangane regissøren insisterar på at eg skal. No er eg skrekkfantast, og det skal litt for å rysta nervene, men dette er diverre ein skrekkfilm som ikkje fungerar tilstrekkeleg. Sjølv om det skjer ting heile tida så kjedar eg meg litt for mykje, og eg byrjar faktisk og å le høgt på eit tidspunkt for at dialogen blei så klein at kroppen tok eit naturleg val, nemlig å sjå det humoristiske i noko som eigentleg skal væra skremande. 


Skodespelarane er nærmast totalt ukjende, og eg tvilar på me kjem til å sjå så mykje til dei i tida framover. Eg syns det er veldig kjekt når nokon vel å settja skrekkfilm opp på kino, men den tragiske sanninga er at dette er ei sjanger som gir fra seg ekstremt mykje drit i løp av eit år, og det er langt mellom lyspunkta. «As above, so below» er nok diverre ein film som kanskje hadde hatt bedre av å ha gått rett på DVD og VOD. 


3/10