"As above,
so below"
Regi: John
Erick Dowdle
Skodespelarar: Perdita Weeks, Ben Feldman, Edwin Hodge
Skodespelarar: Perdita Weeks, Ben Feldman, Edwin Hodge
Unaturleg vas
Minuttar før ei grotte i Iran er planlagd å sprengjast av
soldatar klarar Scarlett å komma seg inn i eit skjult rom i denne grotta. Ho er
på sporet av det same far hennar mange år tidlegare var, nemleg ein symbolstein
kalla «Rosenøkkelen». Steinen er full av ukjend skrift, og Scarlett får akkurat
klart å dokumentera dette med det håndholdte og veldig rotete kamera hennar før
det smell.
Den ivrige oppdagaren får tyda skrifta på steinen, og saman med eit «kvalifisert» team så fører dette dei til dei mørke og trange gangane under Paris. Katakombene som rommar seks millionar menneskeskjelett inneheld tydelegvis eit skjult område, og sjølvsagt er det akkurat der disse unge «Indiana Jones»-wannabe`s har tenkt seg.
Den ivrige oppdagaren får tyda skrifta på steinen, og saman med eit «kvalifisert» team så fører dette dei til dei mørke og trange gangane under Paris. Katakombene som rommar seks millionar menneskeskjelett inneheld tydelegvis eit skjult område, og sjølvsagt er det akkurat der disse unge «Indiana Jones»-wannabe`s har tenkt seg.
Dei kjem seg inn i den gigantiske massegrava under den romantiske by, og ikkje lenge etter kjem skrekk-klisjeane på rekkje og rad. Veggar rasar saman, stemmer i gangane, galne mennesker som messar i eit rom, og sjølvsagt gråtande ungar rundt i korridorane. Og kva skjer når dei endeleg finn porten til helvete? Eg bryr meg hvertfall ikkje så særleg mykje.
Dette blir diverre veldig banalt, enkelt, og det er inga stor oppleving eg blir servert. Dette er filma på «found footage»-metoda som er når filmen tilsynelatande er filma av skodespelarane sjølv.
Det finns mange gode filmar med denne teknikken bl.a. «Blair witch project», «Cloverfield» og den fyrste «Paranormal activity» Det som alltid er mest spanande med disse filmane er korleis dei vel å løysa det tekniske, og i mange av filmane så er det smarte løysningar og ein ser at dei har fått med viktige element på «tilfeldige» måtar. Her derimot opplev eg litt av det motsatte. Her føler eg at det er meir fokus på å filma det essensielle, kontra det at karakterane vil berga livet sitt! Monstre og spøkelser truar, men allikavel så klarar fotografen å få med seg det mest grusamme.

Skodespelarane er nærmast totalt ukjende, og eg tvilar på me kjem til å sjå så mykje til dei i tida framover. Eg syns det er veldig kjekt når nokon vel å settja skrekkfilm opp på kino, men den tragiske sanninga er at dette er ei sjanger som gir fra seg ekstremt mykje drit i løp av eit år, og det er langt mellom lyspunkta. «As above, so below» er nok diverre ein film som kanskje hadde hatt bedre av å ha gått rett på DVD og VOD.
3/10